Bli med i Florø klatreklubb
Vil du byrja med klatring, fortsette der du slapp eller berre klatre fast saman med fleire? I Florø Idrettssenter har vi Sunnfjordveggen, ein flott 14 meter høg klatrevegg med både flate og overhengande seksjonar. Vi har og eit buldrerom med varierande utfordringar, samt eit moonboard. Hos oss finn du klatreruter tilrettelagt for klatrarar i alle aldrar og på alle nivå. I sommarsesongen held vi ofte til utandørs i flotte Grytadalen - eit bolta klatrefelt med ruter i ulike vanskelighetsgrader.
Som medlem i Florø Klatreklubb får du tilgang til klatreveggen og buldrerommet (også utanfor dei faste treningene), rabattert pris på drop-in-trening, tilgang på lån av utstyr og ikkje minst rabattkode hos sportutstyrbutikken Vertical Playground (vpg.no) om du treng noko til tur eller trening.
Eit medlemskap i Florø Klatreklubb følger kalenderåret og kan enkelt kjøpast via MinIdrett:
Barn og ungdom, 0 – 14 år: 100,-
Voksen, 15 år +: 200,-
Du mottek velkomstmail innan ei veke med informasjonen du treng.
Ønsker du å bidra meir saman med oss? Bli frivillig!
Treningstider
Vi klatrar saman kvar* tysdag og torsdag i Florø Idrettssenter
Barneklatring 3-7år: Tysdag kl.17:00-18:00
Barneklatring 8år+: Tysdag kl.18:00-19:00
Ungdom & vaksne: Tysdag og torsdag kl.19:30 - 22:00
Barneklatring er eit tilbud der foresatte og barn kjem saman for å klatre. Det er krav om at foresatte har brattkort, og vil tilbyr fleire brattkortkurs gjennom året. Vi treng og fleire klatrevakter, ler meir her.
Følg oss elles på Facebook for oppdatert informasjon om treninger og aktivitetar .
*Utanom faste ferieveker. For å bruke klatreveggen* og buldrerommet må du betale drop-in eller ha betalt årsavgift.
Om du kun er med som sikrar for barn/ungdom treng du ikkje å betale.
Årsavgift
Barn og unge, 0 – 14 år: 500,-
Vaksen, 15 år+: 1000,-
Betalast via VIPPS og gjeld 1 år frå kjøp.
Drop-in
Medlemmar kr 50,-
Ikkje medlem kr 100,-
Betalast via VIPPS og er gyldig for same dag.
Leige av utstyr
Sele og sko kr 50,- per del
Sele og sko, barn kr 30,- per del
Taubrems + karabin kr 40,-
Klatretau kan lånast.
Betalast via VIPPS. Kun utleige når det er klatrevakter i hallen.
Vipps nr: 505618
Merk med navn.
*Utanom FKKs treningstider kan klatreveggen leiges direkte frå Kinn Kommune via Bookup
Klatre inne
Før du klatrar sjølv eller sikrar andre i Sunnfjordsveggen treng vi at du les og signerer påkrevd ansvarserklæring.
I alle innandørs klatreanlegg i Norge er det og krav om brattkort eller topptaukort om du sjølv skal klatre eller sikre andre med tau. Meir informasjon her.
Klatre ute
Grytadalen
Klatrefeltet Grytadalen vart utvikla i 2009/2010 og har 17 bolta ruter frå grad 3 til 7-. Det ter 30 min. med bil frå Florø + 10 min gange frå parkeringsplassen for å komme til feltet.
Det går sauer på beite her så la hunden være att heime. I jaktsesongen for hjort frå 10. sept til 23. des må de sende melding til grunneigar når de skal klatre. Melding sendes til Anne-Karin K Rynning på tlf. 482 54 146.
Last ned klatreførar her: fører-grytadalen.pdf
Grovavågen buldring
Fin buldrestein rett før veikrysset på Grov. Medlemmar kan låne crashpads frå klubben, berre send oss ein e-post.
Last ned klatreførar her: fører-grovavaagen.pdf
Klatreførarar for området
Klatring i Sunnfjord: Sjå førarane hos Våtedalen Tindeklubb
Klatring i Sogn og fjordane: Kjøp hos VPG (Hugs rabattkoden om du er medlem i FKK)
Treng du nokon å klatre med?
Klatreklubben har mange medlemmar som driv både med sportsklatring og tradklatring, og vi har ei eiga Messenger-gruppe der du kan finne nokon å klatre ute med. Send oss ein PM så legg vi deg til.
Hornelen: I Bings fotspor